NY TREND: Køyreskulelærar Jonas Mellingen Tuft seier automatgir gjer terskelen lågare både ved inngangen og ved utgangen til køyreopplæringa: – Opplæringa går mykje raskare enn før.
NY TREND: Køyreskulelærar Jonas Mellingen Tuft seier automatgir gjer terskelen lågare både ved inngangen og ved utgangen til køyreopplæringa: – Opplæringa går mykje raskare enn før.

«Stovereine bilar» gjer at fleire ungdommar tek førarkort

Etter 30 år med fallande tendens har tenåringane byrja å ta «lappen» igjen. Enklare og grønare bilar er blant forklaringane.

Forteljinga om dagens tenåringar har vore at dei er mindre tilbøyelege enn foreldra sine til å ta sertifikat.

Symbolisert ved tal frå Vegvesenet som viser at 64,5 prosent av norske 18-åringar hadde førarkort i 2002.

I fjor var talet 

48,8 prosent.

Men det er ikkje heile biletet, for dei siste fem–seks åra har pilene byrja å peike andre vegen.

Tal som NRK har henta inn viser at det sidan 2017 har vore ein oppgang i førarkortdelen blant 18- og 19-åringane.

Samtidig viser nyare studiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI) at nedgangen i førarkortandelen på 90-og 2000-talet først og fremst var ei utsetjing – meir enn eit permanent vegval.

Ekspertar NRK har vore i kontakt med peikar på fleire grunnar til at trenden har snudd:

Bilen har vorte «stoverein». Bilen er ikkje lenger den store miljøsyndaren etter at elbilen og ulike bildelingsløysingar gjorde sitt inntog.

Den private øvingskøyringa har vorte enklare og meir motiverande med ein større del elbilar og automatgir.

«Elbil-effekten». Fleire familiar har ein (ledig) bil nummer to – ein elbil som dei unge, håpefulle enkelt kan prøvekøyre.

Susanne Nordbakke i Transportøkonomisk institutt peikar i tillegg på følgjande:

«Generasjon prestasjon». Dei unge vurderer kva som er nyttig og skal ha «alt på plass», inkludert førarkort.

Fleire får sponsa førarkortet gjennom «intensivt foreldreskap», som er forskinga sitt omgrep for foreldre som legg stor vinn på å leggje til rette for framtida og karrieren til barna.

– Førarkort er nøkkelen til vaksenlivet

Leiar for berekraft i Noregs trafikkskuleforbund, Ingunn Haavi Finstad, koplar den nye trenden til den nye delingsøkonomien.

– Vi ser at mange unge førarkort-eigarar ikkje nødvendigvis eig sin eigen bil, men bruker ulike bildelingsløysingar, seier ho.

Ingunn Handagard i NAF meiner den nye trenden har samanheng med «korleis vi snakkar om transport».

– Det byrjar å bli nokre år sidan vi høyrde dei store vyane om førarlause bilar, saumlaus kollektivtransport og 

«mobility as a service»

. Vi er framleis langt unna at bussen hentar deg der du er, og fører deg dit du skal.

Ho legg til:

– Realiteten er at kvardagsreisene våre i stor grad er basert på bil, og det å ha førarkort er nøkkelen til vaksenlivet for mange.

På same tid som det er fleire tenåringar på vegane, er det også ein tendens til at kvar og ein av dei legg ned færre køyremeter.

– Både mengd reiser og gjennomsnittleg køyrelengde blant unge med førarkort har minka dei siste ti åra, seier Susanne Nordbakke, som er forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt.

Forskinga viser vidare at risikoen blant 18- og 19-åringar målt som ulykker per førar har gått ned i perioden 2008 til 2014.

– Bilen er ikkje den store stygge andungen

Direktør i Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV), Øyvind Solberg Thorsen, peikar på at brukargrensesnittet i elbilar «liknar på mobil og nettbrett, med same logikk» og at det «reint bilteknisk er lettare å lære å køyre ein elbil eller annan bil med automat.

– Så sjølv om trafikkbiletet er meir komplisert, er nok terskelen for å ta sertifikat lågare for mange unge, seier han.

Dagleg leiar i Trafikksikkerhetsforeningen, Geirr Tangstad-Holdal, meiner fleire har «realisert at bilen ikkje er den store stygge andungen når det gjeld utslepp».

– Men eg trur det sterkaste bidraget til oppgangen er at bilen framleis er nødvendig mange stader, seier han.

– Opplæringa går mykje raskare enn før

Jørgen Melbye Ingebrigtsen i Statens vegvesen peikar på at ulike trendar spring parallelt, og at det også er ein tendens til at spørsmålet om førarkort blir meir akutt i den delen av livet som krinsar rundt henting, bringing og (små) barn.

– Behovet for å ta førarkortet på 18-årsdagen er nok større i meir rurale strøk, der det er større avstandar og ein er meir avhengig av bil for å komme seg rundt. Samtidig som kollektivtilbodet ikkje er like godt utbygd, seier han.

Dagleg leiar ved Positiv Trafikkskole, Ove Sagen-Hafstad, har vore i bransjen sidan 2002.

– Tendensen var at mange droppa det av praktiske eller økonomiske årsaker, men eg merke at interessa blant dei yngre har teke seg opp igjen dei siste åra, seier han.

Han seier automatgir gjer terskelen lågare både ved inngangen og ved utgangen til køyreopplæringa:

– Det er mindre fråfall og opplæringa går mykje raskare enn før.

“Saken er skrevet og orginalt publisert av NRK” Les orginal sak her